pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Foot – feet. Strange feet? – Yes, mam. mars 15, 2010

Lagret under: midt-i-mellom — pavi @ 19:27
Stikkord:, , , ,

Eg sit på dolokket på badet og kikar ned.

Føtter.

Mine. Rare.

 

Eg har akkurat dusja. Singlet på og underbukse på. Rumpa på dolokket og føtter på svarte fliser. Mine føtter. Rare tær.

 

«Du har no ikkje arva mine føtter». Mamma smiler. Det er sommar og vi sit på plenen utafor det brune huset.

«Ka då?» Eg høyrer eg er nesten furt i stemma.

«Sjå på dei. Den er jo lengre enn tåa di.» Ho peikar og eg ser kva ho meiner. «Og lilletåa ser ein jo nesten ikkje! Det er jo ikkje nagl på den ein gong.» Smilet er der endå.

Og før eg får tenkt tanken, får eg igjen høyre om kommentaren mamma får kvar gong ho er til fotpleie. At ho har lilletå som «nesten ingen nordmenn har lengre».

 

Elleve år seinare sit eg på badet, på studenthybelen, i ein bydel det ikkje er noko å skryte av. Rare tær. Eg dreg på meg sokkane og tuslar inn på rommet.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Investering på badet oktober 20, 2009

Lagret under: ja-takk — pavi @ 08:57
Stikkord:, , ,

Vi har endeleg fått på plass radioen på badet. Eller. Eg tok oppgåva i eigne hender og flytta radioen frå kjøkenet.

 

Radio på badet er gull. Det er eit absolutt must for oss som ikkje liker å dusje utan å nynne på ei middels god låt. Vatn, påkledning og kosmetikk utan musikk er keisamt.

 

Radio på badet er faktisk så kjekt at du kan forbli der. I alle fall vere der dobbelt så lenge som planlagt. Berre ta meg i stad som eksempel. Eg skulle på do. Eg putta inn stikkontakten og p3 var i gong. Etter mindre interessant småprat kjem We Are The People. Eg er ferdig på do for lengst og eg har vaska hendene. Likevel blir eg ståande på badegolvet. Eg dansar som eg så best kan. Hendene i lufta og litt vrikking og vrakking. Songen vara i 4:32 min.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

om å kjenne på vatnet med venstrefoten, såpeboblar på magen og tsunami juni 18, 2009

Lagret under: midt-i-mellom — pavi @ 14:40
Stikkord:, , , , , , , , ,

Eg står på badet, barføtt og kikar i spegelen. Brunt hår og lang lugg. Eg gnir vekk noko gamal sminke.

 

Radioen durar i bakgrunnen medan eg sit på do og når eg tuslar ut for å finne klede. Kvar morgon gløymer eg å ta med meg kleda før eg går på badet. Like irriterande kvar gong. Eg let att døra og skrur opp volumet. Datarock med ei altfor kort låt. Eg skrur opp endå litt til før eg går i dusjen.

 

Eg skrur på dusjen. Vatnet renn. Eg kjenner på vatnet med venstrefoten for å kjenne om det er passe varmt. Kvifor venstre eigentleg? Eg er jo høgrehendt. Og då er det vel mest naturleg å ta i bruk høgre foten?

Passe trykk. Då har eg varmtvatn lenge.

 

Eg trykkar ut for mykje dusjsåpe, men smilar. Det er moro å lage boblar på magen med masse såpe. Kor gammal er eg eigentleg? Eg smilar meir og tel boblene, og prøvar iherdig å få til ei stor boble berre for å konkurrere med meg sjølv.

 

Når eg er heime hos mamma og pappa brukar eg balsam. Av og til i alle fall. Hos meg sjølv har eg berre shampoo. Så når eg står der, heime på gamlebadet og skal byrje med shampooen, klarar eg ofte å blingse med flaskene. Balsam i håret når eg eigentleg skal ha i shampoo. Kan eg ikkje lese? Er eg for trøytt?

 

 

Eg byrjar å tenkje over songar eg ikkje liker. Dei siste dagane har Radio Norge (eventuelt Radio Noreg) spelt ei gamal låt litt vel ofte. Ein song ein berre spelte då den var poppis. Etter det; Finito! Finish. Ferdig. Over.

 

“Jeg kan være en venn.. jeg ser at du falleee’er.. Jeg ser at du fallee’er. Du vil ræise deg igjæn..”

Tsunamai-låta. Tsunamien er over. Låta må vere over.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00