pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Ikkje alle byturar er like godt planlagt.. november 20, 2010

Lagret under: tanker — pavi @ 19:31
Stikkord:, , , , , , , ,

Som du skjøner var ikkje planen å dra på byen denne kvelden. Eg skulle eigentleg ikkje gjere nokon ting som helst denne kvelden, men etter å lese meldinga fra Mr. Vaffelmann fann eg ut at eg skulle gjere som han; trene.

 

Etter å ha hive i meg to brødskiver med leverpostei, pakka sekken og kledd på meg treningsklede sykler eg av garde på halvglatte veger, med askeskyer over hovudet mitt. Klokka er snart halv sju på kvelden, og plutseleg tenkjer eg på sure, haustklare epler frå Sogn.

 

 

Etter å pløya treningskortet mitt gjennom maskina og spankulert 7-8 trinn i retning altfor liten jentegarderobe (som oftast blir kalla for damegarderobe), konkludere eg raskt med at eg tydelegvis ikkje er den einaste som har tenkt som Mr. Vaffelmann. Helsestudioet (som forøvrig ikkje er eit ord eg bruker sånn til vanleg, men som eg no brukar for å få fram kva eg faktisk skuar over i det eg går i retning garderoben) er fullt av livsglad ungdom! Fredag, klokka litt over halv sju.

 

Ytterkleda ligg i skåpet og låsen er på plass. Med ipod og oldenflaske i hendene går eg i ut i treningslokaet. Americas Funniest Home Videos – jey! Dette blir ei fantastisk økt tenkjer eg halvironisk og byrjar å tråkke framover på ellipsemaksina utan eigentleg å aldri kome noko lengre fram.

 

 

Plutseleg slår det meg. Eg er ikkje på eit helsestudio. Eg er på byen, berre at klokka ikkje er passert midnatt.

For etter å ha kika litt rundt medan eg har tråkkar meg “framover” i nokre minutt, ser eg plutseleg litt annleis på det som lear på seg rundt meg. Det er som om eg akkurat har kome innafor døra på ein utestad. Til høgre for meg er det ein opphopning av menneske ved baren (kondisjonsapparata). Nokre menneske frå det vakre utland står samla i ein krok (og glaner på blonde jenter). Spredt rundt i lokalet ser eg suppesøte, supertrente, super-NHH-gutar med dei riktige hårsveisane og dei litt for fine augene, som ser i retning tynne jenter med rosa hårstrikk og lyselilla joggesko. Rommet fylles med popmusikk, alle har sin “mission”, alle er ikledd dei riktige kleda, med drikkeflaske som matcher fargen på t-skjorta (oldenflaska mi kjenner plutseleg ut som ei strømpebukse som har slått sprekkar), og sjølvsagt er det nokon med den fantastiske – ultimate “tilfeldige, men likevel nøye planlagte hårsveisen (les: jenter med langt hår). Alle kikar rundt seg (etter bytter; ikkje om treningsapparat faktisk er ledig eller ikkje), og titt og ofte kjem det små, uskyldige kommentara (med påfølgande søte, smilande smil) ala “Er du ferdig her eller?”, “Bruker du denne?”, “Du gløymte flaska di..?”.

 

Nokon dreg på spekkfulle Ujevnt. Andre dreg på eit av treningsstudioa i byen. Kvifor vente heilt til midtnatt når du kan få unnagjort det same fem timar tidlegare? Og er du klar for action før folk flest er kome på voers har du nok større sjans for å finne ein likesinna..

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00