pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Nydaterte kontaktannonser. Nett høveleg. november 9, 2009

Lagret under: midt-i-mellom — pavi @ 21:16
Stikkord:, , , , ,

Eg kom til å tenkje på det då eg sykla til jobb i dag. Tørre haustlauv under hjula, dumpar, holete vegar, kantar å passere, folk som surrar midt i vegen. Du irritera deg over at sykkelen manglar lydhorn. Skal du skremme dei? Nei.

 

Eg må jo skaffe meg fastlege seier eg til meg sjølv medan eg rullar framover. Tanken har vore der meir eller mindre sidan eg flytta. Når det i tillegg har vore mykje sjukdom rundt å gått (gris, svin.. eitelleranna) har tanken dukke opp nokre ekstra gonger.

 

Eg tenkjer attende på den flotte legen eg hadde dei siste tre åra. For ei dame. Kan ho ikkje berre flytte hit ho også? Aldri har eg vore så nøgd før. Eg vil ha ho her også.

 

 

For nokre månader sidan gjekk eg innom www.fastlegen.no, fast bestemt på at eg skulle fikse ei ny superdame i frakk. Eg bladde meg nedover norske og utanlandske namn, menn, kvinner, høve og ikkje høve til rullestolbrukera, kontor her, kontor der, offentleg, privat..

 

 

Eg fann ikkje, og eg er difor framleis på leiting etter (sjølv om eg ikkje har vore innom nettstaden på ages!) ein kvinneleg lege, på offentleg kontor, med norsk namn, med ledig kapasitet til ei studine som berre treng ho nokre få gonger i året. Takk.

Kanskje eg skulle hatt kontaktannonse? Så kunne alle parter blitt glade?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Sei i frå når det er over oktober 24, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 01:54
Stikkord:, , , ,

Etter å ha plyndra dagens nettaviser har eg bestemt meg for at det er nok. Ein ting er å høyre om det på radioen. Men når det kjem til bilete er det over og ut for min del.

 

Eg klarer ikkje fleire store bilete av legefrakk, bar overarm og sprøyte. På nokre minutt kan eg bla meg raskt forbi 5-10 bilete.

 

Det stikk i armen kvar gong eg ser det. Armen min strammar seg, eg blir kvalm. Og når eg har mat i magen blir eg uggen.

 

 

Over og ut. Null nettaviser.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Ei siste helsing? Nei takk, ikkje eg. juni 26, 2009

Lagret under: tanker — pavi @ 20:15
Stikkord:, , ,

Det er noko eg ikkje skjøner. Eller. Det er fleire ting sjølvsagt. pavi er ingen ekspert. Men nokre ting skjøner eg ikkje vitsen med.

 

Kva typer menneske er det som skriv “sin siste hilsen til Michael Jackson”?

pavi gjer det i alle fall ikkje.

Men sjølvsagt liker ho musikken. Hadde det vore opp til pavi, kunne Michael ha døydd nokre gongar til. I prinsippet. Så hadde dei spelt litt godt med Michael Jackson-musikk på radioen. Men ein gong er nok likevel nok. Eigentleg. Overflod er vel aldri bra.

 

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00