pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Er det berre eg som blir skremt? juli 22, 2010

Lagret under: tanker — pavi @ 21:31
Stikkord:, , , , , ,

Eg burde eigentleg ha pakka ut av kofferten, men kva er vitsen? Eg skal jo snart reise igjen. Hipp hurra for slaraffenliv!

 

Eg et kveldsmat med feil leverposteitype. RIMI sel ikkje den gode frå Mills og sånt gjer meg lettare irritert når eg er så svolten som eg var i dag.

Til brødskivene drikk eg pepsi max. Eg liker ikkje mjølk.

 

 

Men anyways! Eg blar meg nedover n’te nettside i rastlause skroll.

Vistoria Beckham!

Spice Girls, David Beckham, posh meg her og push meg der ..!

Eller vent. Saka handlar ikkje om ho, men hårsveiser. Hmm..

 “Derfor skifter kvinner hårfrisyre over 100 ganger i livet”

 

 

100 gonger var vel litt vel mykje? Greitt nok at eg ikkje gjer så innmari mykje med håret mitt, og difor neppe kan representere desse “kvinnene”. Men hundre gonger? Det var vel litt drøyt?

 

Eg har klikka meg inn på saka og biletet som høyrer til blir forstørre opp framfor meg. Med eitt innbillar eg meg at eg får sånne store, forskrekka auger som den jenta som er med i den fri flyt-reklamen på tv. Du veit den der dei ungane sit foran ein pc skjerm og tydelegvis ser ting dei ikkje burde sjå.

 

 

For når eg ser på bileta av posh-Spice er det ikkje akkurat hårsveisane som tek oppmerksemda mi….

 

968_frisyrer

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Engangstilfelle? oktober 30, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 21:32
Stikkord:, , ,

Skavlan tror tydeligvis at det er kult å ha sovesveis på tv

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Natteaktivitet mai 20, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 17:19
Stikkord:, , , , , , , , ,

Du ser deg sjølv i spegelen medan du vaskar hendene.

 

Kor kom alt dette håret fra? Då eg pussa tenna i går var håret sånn passe normalt, i alle fall. Over natta har håret til pavi tydelegevis utarta seg til å likne ein nyføna mørkebrun puddel!

Berre sjå det for deg. Puddelen er ferdig på skulen, har akkurat vore på do, dei siste nettene har the puuudl sove lite, og tanken på å sykle heim igjen er totalt fråverande. Lekkerbisken! Sånn ca sånn..

 

Puddelen (les: pavi) traver ut av skuledøra i retning sykkelstativet. “Hm. Ok vêr. Kor er regnet som skulle kome? haha, feil. Alltid feil i vêrmeldinga..”

 

Nokre oppover- og nedoverbakkar er unnagjort. Ikkje langt igjen til hundehuset. “Ah! Helg allereie i dag”.

 

Og før hunden har innsett at helga er kome, kjem regnet. Masse regn. Sånn skikkeleg byge. 3-minutts-bygene er dei verste. Dei har samla saman all tenkeleg faenskap i éi sky, med det mål å øydelegge mest mogleg! Og sånne byger blir ein kliss blaut av. Også pudlane.

 

Så, sjå for deg den brune puddelen igjen. Tispa innsåg for 17 minutt sidan at pelsen hadde vekse grasalt i løpet av nattetimane. Og no er all pelsen våt.

 

Konklusjon: den brune puddelen er “even more beautiful than ever”, og veldig klar for en, to eller tre kveldar på byen.

 

BJEFF.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00