pavi sine vassdropar

Noko attåt.

pavi kjeder seg og bruker derfor tiden på å vurdere hvem tv2-sporten-folka ligner på.. august 10, 2010

Lagret under: ja-takk — pavi @ 16:54
Stikkord:, , , ,

 

DW

Davy Wathne ligner på en litt sliten versjon av barne-tv-Labbetuss.

 

Carsten   Carsten Skjelbreid har store ører. Jeg vil si grevling, men det blir vanskeligere og vanskeligere og se ettersom han blir tynnere og tynnere..

Finn Gnatt   Finn Gnatt ligner på en tykk og fornøyd meitemark.

Semb   Nils Johan Semb er Norges lille maskot! Han er en flott utgave av den ultimate nordMANN i 50-åra!  Hvor mange slike ser man forresten ikke i syden? Lite hår (måne), null skjegg og bart, snille øyne.. I could go on forever.

Mini   En bitte, bitteliten, norsk Maradona? Katt?

Eriksen   Bengt Eriksen – ekorn!

Kaggestad Husker dere onkel-detektiven i Fraglene? Han med hunden? Han som skrev postkortene vet du..

Svele  En litt hoven mygg?

Alsaker  Alsaker – den tynne utgaven av meitemarken!

Lersveen  En mygg med skumle hensikter? Han prøver bare å lure deg med smilet sitt..

Hove Maursluker?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Lokale nyhender til irritasjon; fotball, bråk & fyll, meir fotball, reklame og skada hjort juli 18, 2010

Lagret under: nei-takk — pavi @ 18:20
Stikkord:, , , ,

Sjølv om mi lokale avisa sine nettsider så altfor sjeldan oppdatera sine saker klikkar eg meg likevel innom.

Det kan jo hende at det står noko nytt, noko interessant der likevel …?

 

 

Men atter ein gong blir eg ikkje overraska.

Øverst på nettsida er det sjølvsagt eit bilete av ein fotballkamp. Kva hadde ikkje bygda gjort utan den lokale idretten (som berre innbefattar fotball og ikkje andre typer idretter..)?

 

Eg skrollar meg vidare nedover sida i påvente av noko betre. Atter ein gong blir eg ikkje overraska.

- Noregsmeister i køyring for fjordhest

- Lovlydige sjåførar i natt

- Denga laus på campingvogn

.. Ei ny fotballsak kjem “overraskande” på meg, og også denne saka har fått spandert eit bilete i motsetning til dei andre sakene nemnt ovanfor.

 

 

Eg skrollar meg gjennom eit hav av reklame. Kva hadde ikkje nettavisa gjort utan denne reklamen?

 

- Hund på rømmen!

- Uheldig innbrotstjuv

- Mange teke i kontroll

- Ubuden gjest

- Bråk på utestad

- Tjuv teken på fersken

Fælt så mange tjuvar det var då…?

 

 

Eg skrollar vidare. Det obligatoriske 4H-biletet er sjølvsagt på plass. Det same er bilannonsene.

 

- Slått i hovudet med flaske

- Uaktsom køyring

 

 

Eg klikkar innom eit par av sakene. Berre for å sjå. Som regel utgjer overskriftene langt fleire ord enn sjølve saka. Rein overdriving sjølvsagt, men er eg heldig har saka eit lite avsnitt, og kanskje kanskje kanskje.. eit bilete.

 

 

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

brødsmular, tyggegummi og feite ekorn (nei pappa, ekornet har ikkje blåst seg opp pga. kulda…) januar 8, 2010

Lagret under: midt-i-mellom — pavi @ 01:41
Stikkord:, , , , , , , , , , , , ,

Ikkje alt kjem i rekkjefølge

 

Planen for kvelden var eigentleg å høyre på første plata til Kaizers Orchestra, men når eg endar opp med å sjå The bodyguard med mannemannen Costner på kvelden blir planen sjølvsagt øydelagd. At eg skulle høyre på JanOve & Gjengen slo meg då eg gjekk over brua med snø på gelenderet, med elva under, med is og snøprikkar på. No høyrer eg berre på Houston. På kjøkenet sit det 1 stk. kjærestepar og spela kort medan dei blåsar tyggegummiboble.

 

 

 

“Ja, du skal ha sånne? Kaldt ute veitdu..” pavi står på sportsforretningen og skal kjøpe to ullunderbukser.

Ja, eg skal ha sånne. Kvifor trur du eg legg dei på disken? Du har ikkje anna å snakke om enn vêret og kulda på lik linje med alle andre. Eg blir oppgitt over fjaseprat, men trøystar meg med at eg sikkert.. Nei, at eg kanskje hadde sagt noko liknande dersom eg satt stuck bak ein disk på jobb. Og er det ikkje typisk! .. Med ein gong det blir susande kaldt på austlandet (=Oslo) skal alt av innhald på p4 innbefatte kulde, rim, snø, for seint til jobb, alt fryser; hender, hundar, bildører og mobilen klikkar! “Send en tekstmelding til oss og fortell om hvordan kulda har ødelagt for akkurat deg i dag på vei til jobb!”. Denne setninga og fleire titals liknande blir nemnt på rad og rekkje på berre nokre få minutt. Joda, det er kaldt tenkjer eg. Også her er det kaldt. Det har vore kaldt i fleire dagar her før det vart kaldt i Oslo, men vi innvadera ikkje livet til resten av den norske befolkninga av den grunn. Eg kjenner eg blir sint medan eg tek på tannkrem på tannkosten. Langt, langt unna Oslo.

 

 

 

Eg har delt rundstykket i to. Den eine halvdelen delar eg igjen i to. Egg, smør, skinke, litt meir skinke fordi det er løvtynne skiver fra gilde, og tre skiver ost på toppen. Pc’en er slått på og eg klikkar meg inn på dagbladet.

Så mange rare vanar. Eg sit og gnir tæra frå den eine foten på rista til den andre foten. Kalde. Ute er det kaldare, ekornet som sit borte ved treet er blitt kjempestort (pappa seier det berre har blåst seg opp pga. kulda, men eg er framleis sikker på at det har ete så mykje at det har lagt på seg), sola skin gjennom greiene på trea som skil oss frå naboen. Det er smular på golvet, radioen durar i bakgrunnen, eit donaldbladet ligg på bordet og det er smular på bordet også.

Vanar. Uvanar?

Det tek nokre sekund før bileta dukkar på nettsida. Men kvar gong, i alle fall kvar morgon, spreng-tenkjer eg, fort, etter kva det er bilete av på toppen av dagbladet.no. Mann, kvinne, sport, kjendis, drap, sport (sjansene er store), influensa?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00