pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Noregs vakraste juni 14, 2010

Lagret under: tanker — pavi @ 22:10
Stikkord:, , ,

Frm

 

Ingen tvil om kor eg vil dra i sommar! Herlege Sogn og Fjordane!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Ville mine puppar ha medført like mange lesera? februar 8, 2010

Lagret under: nei-takk — pavi @ 13:56
Stikkord:, , , , , , , ,

Eg burde eigentleg ha gjort noko heilt anna. Eg skulle ha vore på skulen frå klokka 9 (og allereie vore ferdig med dagens treningsøkt), men eg stod opp 10:29. Ein halvtime seinare er eg på joggetur i sola. Snøen er nedtråkka sånn at eg ser bar asfalt, eg blir glad over at eg ser antydning til vår, eg forbannar meg over eksoslukta som endar og nærmast forblir i halsen, eg kjenner null dårleg samvit fordi eg sov lenge, og frukost klokka littovertolv med “I Gode og Onde Dager” er faktisk okei.

 

Godt over ein time er gått på fjas; sjekke mail, ein mail til, ein mail tildelt frå skulen (ein mail som blir full av “skule-spam”= SU, parlament, invitasjoner til ulike val og forelesning eg overhodet ikke er interessert i, and so it goes..), eg endar opp med å bruke altfor lang tid på facebook som eg i utgongspunktet var imot, og jammen må eg få sendt nokre sms’ar i tillegg til å skrive handleliste (eg handlar jo alltid det same kvar gong, så kvifor orkar eg skrive det opp på ein lapp?).. så får eg plutseleg for meg at eg MÅ skrolle gjennom dagbladet.no.

 

 

“Frykter bilbeltesvikt bak dødsulykker”

 

Eigentleg les eg ikkje overskrifta. Eg les den i alle fall ikkje ferdig. For eg endar opp med å sjå på biletet som er plassert over..

bilbelte

 

Eg klikkar fort på biletet og er spent på kva eg får servert i artikkelen.

 

Svakt. Pinglete.

Dagbladet klæsher opp eit stort bilete av ein liten gut og det eg antek er mora. Nedafor har dei skrive ned 24 små linjer med noko eg aldri endar opp med å lese. Eg klikkar meg attende til hovudsida og skrollar vidare.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

brødsmular, tyggegummi og feite ekorn (nei pappa, ekornet har ikkje blåst seg opp pga. kulda…) januar 8, 2010

Lagret under: midt-i-mellom — pavi @ 01:41
Stikkord:, , , , , , , , , , , , ,

Ikkje alt kjem i rekkjefølge

 

Planen for kvelden var eigentleg å høyre på første plata til Kaizers Orchestra, men når eg endar opp med å sjå The bodyguard med mannemannen Costner på kvelden blir planen sjølvsagt øydelagd. At eg skulle høyre på JanOve & Gjengen slo meg då eg gjekk over brua med snø på gelenderet, med elva under, med is og snøprikkar på. No høyrer eg berre på Houston. På kjøkenet sit det 1 stk. kjærestepar og spela kort medan dei blåsar tyggegummiboble.

 

 

 

“Ja, du skal ha sånne? Kaldt ute veitdu..” pavi står på sportsforretningen og skal kjøpe to ullunderbukser.

Ja, eg skal ha sånne. Kvifor trur du eg legg dei på disken? Du har ikkje anna å snakke om enn vêret og kulda på lik linje med alle andre. Eg blir oppgitt over fjaseprat, men trøystar meg med at eg sikkert.. Nei, at eg kanskje hadde sagt noko liknande dersom eg satt stuck bak ein disk på jobb. Og er det ikkje typisk! .. Med ein gong det blir susande kaldt på austlandet (=Oslo) skal alt av innhald på p4 innbefatte kulde, rim, snø, for seint til jobb, alt fryser; hender, hundar, bildører og mobilen klikkar! “Send en tekstmelding til oss og fortell om hvordan kulda har ødelagt for akkurat deg i dag på vei til jobb!”. Denne setninga og fleire titals liknande blir nemnt på rad og rekkje på berre nokre få minutt. Joda, det er kaldt tenkjer eg. Også her er det kaldt. Det har vore kaldt i fleire dagar her før det vart kaldt i Oslo, men vi innvadera ikkje livet til resten av den norske befolkninga av den grunn. Eg kjenner eg blir sint medan eg tek på tannkrem på tannkosten. Langt, langt unna Oslo.

 

 

 

Eg har delt rundstykket i to. Den eine halvdelen delar eg igjen i to. Egg, smør, skinke, litt meir skinke fordi det er løvtynne skiver fra gilde, og tre skiver ost på toppen. Pc’en er slått på og eg klikkar meg inn på dagbladet.

Så mange rare vanar. Eg sit og gnir tæra frå den eine foten på rista til den andre foten. Kalde. Ute er det kaldare, ekornet som sit borte ved treet er blitt kjempestort (pappa seier det berre har blåst seg opp pga. kulda, men eg er framleis sikker på at det har ete så mykje at det har lagt på seg), sola skin gjennom greiene på trea som skil oss frå naboen. Det er smular på golvet, radioen durar i bakgrunnen, eit donaldbladet ligg på bordet og det er smular på bordet også.

Vanar. Uvanar?

Det tek nokre sekund før bileta dukkar på nettsida. Men kvar gong, i alle fall kvar morgon, spreng-tenkjer eg, fort, etter kva det er bilete av på toppen av dagbladet.no. Mann, kvinne, sport, kjendis, drap, sport (sjansene er store), influensa?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Du må gje meg noko betre enn dette, Dagbladet! mai 30, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 07:34
Stikkord:, , , , , ,

Dagbladet slit tydelegvis med nettmøtene. No blir lesarane oppfordra til å stille spørsmål til Noora Noor. På den måten er kvar og ein av oss med i trekninga av 500 kroner.

 

Det beste spørsmålet premieres med et gavekort på 500 kroner, og svarene får du lese i Dagbladet FREDAG 5. juni.

 

Eg må få tilbod om noko betre enn 500 kroner, Dagbladet! – I alle fall om eg skal mekka saman eit spørsmål til Noor.

 

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00