pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Har ho kleda på endå? mai 18, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 09:22
Stikkord:, , , , , , , , , , , , , ,

Ja. Ho. Ho dama som sit i den blå audien som står parkert utafor vindauget mitt.

 

Eg har nettopp ete frukost, Radioresepsjonen seier også i dag at dei ynsker innspel til FunFacts, og plutseleg høyrer eg nokre regndråpar på takvindauget. Typisk.

 

Eg har ofte for den vane å kike ut av vindauget mitt; glane på tjukke folk, tynne folk, folk med for mykje klede, dei som har for lite klede på seg, gutar på rullebrett, damer med skjørt.. Ja, du veit. Folk – masse folk!

 

Ser eg riktig? Eg stoppar ved denne blå bilen. Mannen fiksar bensin, og kona (?) sit i passasjersetet framme. Huh! Bunadsskjorte? No? Dagen etter dagen, og Dagen etter dagen som var dagen etter dagen.

 

Bunad på 18. mai? Eg skjøner ingenting. Okei, men kvifor? 17 mai var i går. Konfirmasjon i dag? Ein måndag? Neppe. Sjølv borgarleg konfirmasjon har fri på måndagar! Bryllaup? Hm. Det er også ukjent for meg. Men kven vel å gifte seg 18 mai, med to festdagar i forkant? Eg ristar på hovudet.

 

Men la oss gå for bryllaupet! Kva med mannen din? Han går i Ola og slitte t-skjorter. Skal ikkje han i bryllaup?

pavi tek seg ein tankepause.

 

Mannen skal nok i bryllaup han også (forutsatt at vi går for at det er bryllaup 18. mai sjølvsagt!). Mannen, har på lik linje med kona, beholdt kleda etter festhelga. Ola på laurdag, Ola på søndag, og i alle fall Ola på ein måndag!

 

(Mannen forbannar seg sikkert like mykje som meg; bryllaup ein måndag?!)

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00