pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Lesbiske damer, makk i rumpa, gamle menn som bulkar bilar, og sokkelest september 28, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 14:32
Stikkord:, , , , , ,

Når opningstidene er frå X til Y skal dei ikkje opne dørene X pluss nokre minutt.

 

Eg tråkkar i veg med våte sålar over det bona golvet. Ny dame i skranken? Og kvifor ser alle damer ansatt på bibliotek, med kort hår, ut som lesber?

 

Eg finn stolen min. Innerst, stille, utsikt, roleg.

Eg lempar av meg ein sekk som seinare viser seg å vege 10,2 kilo. For etter å ha hatt den på ryggen fram og tilbake, utan nesten å kollapse på den den slitte, gjennomvåte asfalten, måtte eg sjølvsagt vege den. Ti komma to.

 

Eg vrenger av meg jakka. Eller. Nei, eg dreg ned glidlåser og operera meg nokre borrelåsa før eg vrenger den av meg. Vått, tjukt hår, inneklemt av eit skjerf eg berre ved tilfelle endte opp med å bære ut frå butikken, blir sluppe fri. Kan ikkje gå med skjerf inne. Det er dårleg taktikk! Eg er dømd til å fryse då. Om eg lar det vere på. Kva skal eg gjere når det då blir kaldt? Haha. Dette har eg gjort før. Eg er ein temperaturvandt student må vite.

 

Sjølvsagt. Det er ikkje berre eg som har fast sitjeplass. Ein mediestudent (trur eg?) har tydelegvis funne det for godt å gro ved sidan av meg! Kjempeflott!   Ikkje at eg ikkje liker ting som gror. Eg er særs glad i planta mi Lars som står i vindaugskarmen på soverommet mitt. Eg kunne faktisk telje fire spirer i går då eg likevel glana ut vindauget og såg på gamle menn lukeparkerte – noko som resulterte i to dunk i bilen bak. Moro.

 

Men når denne tingen,; “studenten” gror til venstre for meg, vert eg imidlertid irritabel. Gåseaugene er forresten eit bevisst val.

For han kan ikkje omtalast som student sånn som makkane grev i rumpa hans! Har eg sett han lese ei bok, bladd i eit kompendiet, skrive notater, vore innom skulerelaterte sider på nettet? Nei. Null bok. Kompendie? Nei. Null skriveblokk og penn. Eller, han har kanskje ein penn. Data har han på plass, men her surfer han berre på forum relatert til spel og foretar superviktige mailar. Tydelegvis. Han slår i tastaturet! mp3-spelaren lagar også lyd for, kvar gong han trykkar på den. Og han går utan sko. Å gå sokkelesten i skulemiljø er eg totalt for. Men eg mislikar når han lagar meir lyd utan sko enn med sko. Ein sånn fin lyd av halvvåte sokkar, kombinert med ein bestemt gange som får dei trøttaste studentane i lokalet til å vakne.

 

 

Finn deg ein anna stol å gro i!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Tiltak for å korte ned jentenes tid på do mai 13, 2009

Lagret under: ja-takk, tanker — pavi @ 17:19
Stikkord:, , , , , ,

- pavi er lei av å stå i milevis kø for å komme seg på do når hun er på byen

- at pavi er lei dette, kom hun “tilfeldigvis” på en vanlig onsdag etter å ha lest om et av Universets store spørsmål

 

 

For å kvitte seg med lange dokøer har pavi derfor har en idé!

 

1) Dametoalettet må minskes til det  m i n i m a l e. Det blir dermed vanskeligere å tråkke inn to-tre-fem jenter på ett og samme toalett. Rommet skal være så lite at selv den ene jenta vil syns det er en smule trangt. CHECK!

2) Vi fjerner alt som heter speil og disk til å legge veska på (som forøvrig inneholder way to much!). Dermed vil ikke jentene (som nå omtales som “jente” – entallsform) bruke en evighet på å sjekke hvordan rumpa ser ut i speilet over vasken, eller om kløfta vises nok. CHECK!

3) Vi innfører sparepærer, eller vi får tilkoblet noen veldig dårlig fungerende lyspærer. Dermed vil det være dårlig lys på doen. Jentene vil derfor ikke kunne bruke selv det lille lommespeilet de har i veska, for å finpusse mascaraen, leppene eller kajalen. CHECK!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

pavi ynskjer å byte ut sin lunkne nabo april 23, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 17:19
Stikkord:, , ,

Ein ting som irriterar meg er folk (les: unge, kvinner – spesielt naboen til pavi) som ikkje helsar når ein møte på kvarandre ved postkassene, i trappeoppgangen, medan vi låsar oss inn, eller passerar kvarandre nede i kjellaren. Sjølv ikkje etter to år.

 

Pavi har smilt og helst på alle ho har møtt på sidan ho flytta inn. Ikkje alle tek initiativet til å helse eller smile, men viss pavi seier hei og smilar, så får pavi nesten alltid tilbake eit hallo, eit skeivt smil, eller heihei. Her er eldre folk og unge menn flinkast.

 

Men ikkje den lunkne naboen min. Ho passerar meg med ei sur mine om munnen og eit kaldt blikk.

 

No gidd eg ikkje meir. I staden for smil og helsing skal du få høyre høgare musikk frå naboleiligheita, samt gjentakande dunkt frå kjøkenet. Hah!

 

 

.. Eller. Viss pavi kunne velgje, ville ho hatt ein ny nabo. Ja takk!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Posten er eit altfor godt eksempel på at reglar ikkje gir orden – tvert imot! mars 23, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 17:36
Stikkord:, ,

“Vi lever for å levere”

Øh.. Come again?

-”Vi lever for å levere”

Ein skulle kanskje ikkje tru at det å bestille varer på nettet skulle være eit problem. Og det er det vel i grunnen heller ikkje. Problemet er ikkje dei uendeleg mange bedriftene som sel varer via nettet. Den greia er heilt okei. Det er til og med praktisk, genialt, morosamt, og eg veit ikkje kva..

 Problemet er Posten!

 

“Vi lever for å levere” (eg ler)

- Just sa eg lever og ånder for å levere sånn at eg får det eg har bestilt. Hahah! Eg er så innmair lei Posten. Eg har Posten opp til halsen. Logoen (den fine, grøne eller raude) har snurra seg rundt halsen min, og eg er på veg til å bli kvalt.

 

Det er gått nesten 4 veker sidan eg bestilte eit klesplagg på nettet. Kort tid etterpå fekk eg hentelapp i postkassa, og eg sprang med vinden til det nærmaste postkontoret. Endeleg! Den var komen!

“Hm.. Det er ingen pakke her” (postdame)

Korleis pokker går det an å poste ein hentelapp når pakken ikkje er kome fram?!

 

 

Dagane gjekk, pavi venta. Ingen pakke. 

Pavi fekk hjelp til å ettersøke pakken innad i Posten. Ei god veke etter det fekk pavi ein ny hentelapp. Eg sprang mot vinden til det nærmaste postkontoret. Endeleg! No var den komen!

“Pakken er her, men eg kan ikkje gi deg den”

..

“Det ser ut som giroen er forsvunne. Du må kontakte selskapet du handla hos”.

 

Etter at pavi hadde snakka med lille-pavi (lillesøster) og fått oppklart at joda! ho hadde betalt for pakken (dvs. fiksa oppkravet), og at postdama hadde reve vekk giroen fordi den nettopp var betalt. Null problem!

Pavi spring både mot og med vinden til det nærmaste postkontoret. Endeleg! No måtte eg vel få pakken?!

 

“Du kan nok ikkje få pakken. Det ser ut som at pakken er sendt to gonger med det same registreringsnummeret. Det går ikkje an. Det er tydelegvis blitt gjort ein feil. Beklager. Du må kontakte selskapet og opplyse om det som har skjedd, sånn at dei igjen kan kontakte Posten for å sende Stoppkrav i forhold til postoppkravet. Då kan du kome tilbake”.

 

Tolmoda mi er på størrelse med ei inntørka ert!

Superteite Posten-reglar har gjort til at eg har vore foruten ei regnbukse eg har sett stort behov for dei siste 4 vekene!

 

 

 

 

Og forresten! Den nye Posten-logoen .. Kva søren er det for eit påfunn?! Uendeleg mange millionar kosta det å fikse på utsjånaden. Eg takkar meg til at Jan Thomas gjer kontinuerlege “innstillingar”! Stopp Posten, la Jan Thomas ta seg av det han er best på.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Sei opp alle unge og kunnskapslause nek, og få tilbake dei “gode gamle” – dei med kunnskap! mars 15, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 20:02
Stikkord:, , ,

Eg har ei dårleg erfaring frå Elkjøp. Handelen handla ikkje om kjøp av kablar, mobilar, pc og andre tekniske duppedingsar, men om strykjern! For ei tid tilbake fann eg ut at eg måtte investere i eitt, men eg hadde (og har framleis) null peiling på desse apparata.

Optimisten pavi drog til Elkjøp med store tankar om at dette skulle vere dagen. Dagen då pavi skulle få kjøpe sitt aller første strykejern!

Og som alltid er det vanskeleg å få hjelp når kunden er både snill, hyggjeleg og ikkje snik i køa. Imidlertid liker mange andre kundar å s n i k e.. Det er til å ergre seg over!! Ser du ikkje at eg stod i køa før deg?! Kvalme ål!

Anyways, endeleg var det pavi sin tur. Ein ung mann spør om eg får hjelp, og eg seier vennleg nei. Eg fortel eg er på leiting etter eit strykejern og skulle gjerne hatt litt hjelp. Den unge mannen ser rart på meg og smilar. Det viste seg imidlertid at pavi snakka med ein nyansatt som hadde sin første dag på jobb. Eg smilte sjenert, og han sa han skulle finne nokon som kunne meir om strykjern.

Pavi trippa og venta, såg ytterlegare på utvalet av strykejern, og funderte på kva som faktisk skilte dei 3 strykejerna som hadde lik pris.

Etter nokre lange minutt kom det ein ny ansatt (nesten like ung). Eg sa eg var interessert i å kjøpe strykejern, og også han smilte. “Ja, eg håpte kanskje du kunne forklare meg kva som skil desse strykejerna frå kvarandre? Eg har ikkje så mykje peiling skjøna du..”.

Og det viste seg å vere ytterlegare ein person på Elkjøp som ikkje hadde så enormt peiling på strykejern. Han som skulle hjelpe meg ropte på ein tredjemann som stod i kassa og lurte på om han var noko geni på varme anlegg. Guten (ja, guten!) i kassa kunne heller ikkje hjelpe, og pavi byrja å meine det heile vart ganske så teit og pinleg – på deira vegne!

Til slutt kom ein fjerdemann (kor mange fisegutar går det an å setje opp på same vakt?!) Han fekk same spørsmål frå meg, og han gav vel i grunnen ei heilt okei forklaring. Eg vart ikkje veldig smartare, men eg kjøpte no eit av strykejerna. pavi kjøpte imidlertid det som var finast! Flott blåfarge, og kult design. JADDA!

Elkjøp mista ikkje ein kunde. Men denne historia viser berre kor innmari enkelt alt har blitt:

- Butikkane skrik etter arbeidskraft, og kva blir resultatet?  Unge småguttar som berre er interessert i mobilar og tekniske duppeditta til dei grader, og som har null peiling på dei “vanlege” og “gamle” varene i butikken.
- Og kor pokker er dei vaksne menn og kvinner som ein gong jobba der? Dei som hadde generell og god kunnskap om det meste?

Eg vil ha dei tilbake!

 

Takk.

 

Innlegget kom som ei naturleg følgje etter å ha lese innlegget til Johni Schuweldahl

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Jeg passerer dem i hopetall mars 12, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 23:07
Stikkord:, , ,

Er det bare jeg som reagerer når jeg passerer disse ungdommene?

De er vanlige ungdommer. Tenåringsjenter med altfor mye sminke, håret er så blondt at passerende blir blendet. De subber med beina, og venninnene har like bukser. Buksene er for små, og jada – jeg kan se navlen din.

Vil du se min?

 

Guttene ser ut som de nettopp stod opp. Håret er dynket med gele. Eller skal jeg si styling med hår? Buksene ser ut som slitte gardiner som (delvis) har falt av gardinstangen, og ser jeg riktig? Kan jeg ikke så tydelig se, mens jeg går bak denne gjengen, veien foran gutten – mellom beina hans? Gardinene har nesten falt helt ned..

Ja, og så lukter det våt røyk av dem alle!

 

Ja, og så glemte jeg å si det jeg egentlig skulle si. Hva er egentlig greia med å gå med headset (med musikk) når du rusler i byen sammen med venner?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Politikartaktikk under debattprogram mars 3, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 19:39
Stikkord:, , ,

Eg hadde sett fram til Tabloid i kveld. Temaet var eldreomsorg og dens kvalitet.

Etter at ein pårørande i studio var ferdig med å fortelje si historie var det politikarane sin tur til å debattere. Ap og Krf var representert, og det gjekk som .. Forventa. Politikarane svarte ikkje på spørsmåla som var stilt, og den eine av dei fokuserte så innihampen på alle dei flotte tinga dei hadde fått gjennomført i løpet av si tid i regjeringa. Det var ikkje den ting som ikkje var blitt gjort.

Men likevel døydde ein dement pasient under opphald på ein sjukeheim. Mannens pasient omtalte det som drap. Ho var dehydrert, hadde liggjesår og døydde kort tid etter at ho vart sendt til sjukehuset. Han meinte dette ikkje hadde skjedd dersom dei ansatte hadde teke dei pårørandes innvendingar alvorleg, framfor å seie “hun er ikke dårlig.. hun er bare sliten og litt trøtt”.

Eg slo av før programmet var halvvegs ferdig. Eg orka ikkje høyre på politikarar som brukar heile programmet på å fokusere på fortida framfor kva som kan gjerast betre – og korleis det kan gjennomførast.

 Eg er så innmari lei denne taktikken. Vi kjem aldri nokon veg med fortidsfokuserte tullebukkar!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Skambra februar 15, 2009

Lagret under: ja-takk — pavi @ 15:42
Stikkord:, , ,

- Når du står nesten helt framme ved scena på en rockekonsert MÅ du forvente at det blir trykk bakfra.
- Når du står nesten helt framme ved scena (eller andre steder) på en rockekonsert BØR du være forberedt på å få øl på deg.

- Det er også høyst normalt at fans digger musikken med hendene i været i retning scena. Av den grunn vil armer veive delvis over deg, i gjentagende rytme.
Videre er det unormalt å komme hjem etter endt konsert med sko som såg like fine ut som da du stod og såg deg i speilet før du drog på byen.

Kjenner du deg igjen? Kanskje var du på konsert i går? Og hvis du i tillegg verken var forberedt eller ante noe om disse forholdene, så er det godt mulig at du stod foran meg og irriterte rævva av meg. Du snudde deg flere ganger og kikket olmt på meg.
Hvem var jeg? Jo, jeg var den jenta med det lange håret og kjolen som stod bak deg og digget musikken. Hendene mine kastet seg over skuldrene dine igjen, igjen og igjen. Jeg drakk ikke all ølen, og jeg tråkket helt sikkert på deg.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00