pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Glede mars 10, 2009

Lagret under: ja-takk — pavi @ 19:26
Stikkord:, , ,

Han skal kome heim med flotte blomar ein heilt vanleg tysdag.

Utan at eg ventar det.

 

Sånn som han flotte mannen som snakka gebrokkent engelsk og lurte på om jenta i blomsterforretningen kunne mikse to bukettar for han.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Sånn har eg det no. Nett no. februar 17, 2009

Lagret under: ja-takk — pavi @ 14:08
Stikkord:, , ,

Lukta av chai-te finn nasa mi. Hendene mine er framleis kalde. Byen har i løpet av natttimane og morgonen blitt innvadert av store kvite flak. Vegane er såpeglatte, folk tryner på det kvitdekte underlaget akkurat så mykje at det blir komisk, og nett no er det greitt at det er vinter rundt meg.

Lyden av varme rytmar finn øyrene mine. Eg får assosiasjonar til Sør-Amerika, damer med langt krøllete hår, hofter i konstant rørsle, menn med gitar i hendene, nattlykter i allslags fargar, levande lys, og meir dans. Songen er ferdig og ei ny låt blir spelt.

I lokalet sit det eit venepar og speler spel. Han spør ho om kva toppolitikar som også fekk Nobels litteraturpris. Ho tippar ei kjend kvinneleg politikar, men han må skuffe ho og seie at det nok var Winston Churchill. Ho smilar.
Endå lenger vekke sit det ein anna venepar. Dei pratar om lengda på håret til jenta. Ho får tydelegvis rart hår om lengda blir lenger enn det ho har no. Praten går vidare, men musikken med dei sydlege rytmane overdøyvar samtalen. Eg ser meg rundt om i lokalet.

Eg drikk meir av Chaiteen og tenkjer på venninna mi som anbefalte den.
Eg er omgitt av bøker, levande lys og ei stemning som berre kan opplevast. Kroppen blir fylt med ei varm, god stemning.

Eg har det nett høveleg.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Blomster-Finn februar 13, 2009

Lagret under: ja-takk — pavi @ 10:58
Stikkord:,

Til og meg EG blir fascinert av blomar når eg ser Blomster-Finn styre på med all den kreativitet og energi som kan tenkes på God Morgen Norge.

Heia Blomster-Finn!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00