pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Vinterkuldas mange taktikkar desember 9, 2010

Lagret under: ja-takk — pavi @ 10:55
Stikkord:, , ,

Det er først når eg, iført boblejakke og ullskjerf, passerar ein mann i tynn joggebukse (som er så tynn at du ser konjunkturane av rumpe og lår) og dongrijakke at eg veit for sikkert at det er store skilnader på folk.

Nokon likar boble og andre likar ola.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Skli på brunt sukker januar 12, 2010

Lagret under: ja-takk — pavi @ 20:11
Stikkord:, , , , , , , , ,

Første skuledag. Lang dag. Mørkt ute. Snø. pavi på veg heim.

 

Snø? Ja, sjølv her er det snø. Men eg tenkjer ikkje på det lengre. Då eg kom tilbake frå ferie slo tanken meg sjølvsagt. Dæven til snø, tenkte eg.. Her liksom. Dei kan ikkje brøyte her heller forresten. Det blir fantastisk når regnet kjem.. Jadda!Looking forward! .. Oi! Sjå bilen. Eg drassar på ein altfor stor koffert som veg altfor mykje og der foran meg, på andre siden av vegen, der står det ein bil. Eg ser nesten ikkje fargen på den, men eg kjenner att bilen likevel så eg veit den er raud. Bilen er meir nedsnødd enn noko anna eg har sett nedsnødd. Bortsett frå ein gammal.. Nei, bortsett frå ein snømann eg og søstera lagde då vi va små. Ein gong det faktisk var mykje snø. Og det er ikkje berre noko eg seier. For det var meir snø før. Sjølv eg som ikkje er vaksen kan sei det!

 

 

Men no går eg over brua på veg heim etter første skuledag. Veska er på venstre skulder og posen frå bokhandlaren, med eit kompedie på 3 kg er også på venstre side. Dei lilla skoa mine sklir på det mjuke underlaget, og eg glir meir bakover enn heimover.

Nokon seier det liknar melis. Ei sa det er som graut. Melis kan det ikkje vere fordi det hadde aldri gått. Melis hadde eg glatt trykka ned med skoa. I så fall skulle det ha vore så heise mykje melis.. Men nei. Ikkje melis. Graut? Neppe. Det liknar meir på brunt sukker som ikkje blir trykka ned. Brunt sukker som er utvatna.

 

 

På øyrene går Prosessen av Kaizers Orchestra. Bilane susar forbi, men eg går på den riktige sida. Fordi bilane kjem køyrande bak meg og passerar meg på nokre få sekund. Då må dei snu seg for i det heile teke sjå at eg syng. Så då kan eg synge til songen medan skoa glir på sukkeret.  Eg syng ganske ofte, men eigentleg kan eg ikkje synge så eg syng berre lågt eller sånn ca. nesten halvvegs. Men alltid ser eg meg om for å sjekke at det ikkje er folk rundt meg. 

 

Så når eg har kome litt over halvvegs over brua snur eg meg. Foran meg er det ingen. Så, når eg snur meg sklir eg sjølvsagt på sukkeret. Nokon seier eg sklir på melis. Ho seier eg sklir på graut, men eg seier framleis at eg sklir på brunt sukker. Veska og den tunge posen som også er lilla sklir i same retning som eg snur meg, og i nokre få sekund står eg på ein tredejdels fot medan resten av kroppen er på god veg i alle retningar. Eg fomlar meg attende i vanleg posisjon ala “gå-over-brua-med-brunt sukker-på” og eg tenkjer fort at det var godt ingen var foran meg.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00