pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Nordmann i syden august 8, 2010

Lagret under: ja-takk — pavi @ 14:27
Stikkord:, , , , , ,

Vi er på veg heim etter ein lang dag på stranda. Sand mellom tæra sjølv om eg prøvde så godt eg kunne å vaske det vekk. Saltvatn i håret, frekner på nasa, ikkje fullt så rein singlet på meg, og framleis sol i fleisen. Plutseleg, i dèt vi trasker gjennom partygata som om berre få timar vil nå nye høgder, høyrer eg bak meg:

 

“Dåke..? I kveld.. Ikkje at eg har tenkt å ende opp der, men viss.. Viss eg ende opp på ei tattoo-shappe i kveld så dåke dra meg ut derfra med ein gong!”

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

solkremtips for single juli 26, 2010

Lagret under: ja-takk — pavi @ 13:59
Stikkord:, , ,

Typisk!

 

Du står på badet. Sola skin og du skal ut å sole deg.

Men du rekker akkurat ikkje å smøre deg midt på ryggen.

 

 

Kva gjer du?

 

Ja, riktig! Først strever du som eit helvette fordi du innbiller deg at du kan rekke midt på ryggen dersom du berre jobbar hardt nok.

Litt seinare innser du at du lenger ikkje er så mjuk som du ein gong trudde du var.

 

Til slutt hentar du slikkepotten på kjøkenet.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Typisk norsk? juli 4, 2010

Lagret under: ja-takk — pavi @ 10:51
Stikkord:, , , ,

I 

Med eit kjapt blikk på dette biletet tenkjer du kanskje:

- Ah, norsk natur!

- Vidden, Vidden!

- Uff.. Eg burde ha kome meg ut på trening..

 

 

Men ser du nærare på biletet ser du kanskje noko meir..

J

 

Framleis usikker?

 

L

 

Fire flotte kvikke på lunsjtur!

.. Ute i norsk natur.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Øl i parken? juni 16, 2010

Lagret under: tanker — pavi @ 08:13
Stikkord:, , , , , ,

Eg les at det er fritt fram for alkohol i parken for sommarglade folk i Bergen. Politiet seier på den eine side at dei ikkje kjem til å gje ut bøter for kvar einaste som held ei flaske øl, medan dei grillar.

- Om det ikkje kjem klage frå publikum, og det foregår i rolege former, så gjer me ikkje noko med dette.

 

På den andre sida har vi Fråhaldsorganisasjonen Avente.

Kretsleiar, Anders Rolland Jacobsen, meiner dette er feil og seier at ein like godt kan bryte andre lover også.

 

Eg kan skjøne kvifor Fråhaldsorganisasjonen seier dette, men eg blir meir overraska over uttalelsen frå Bergensklinikkene.

- Men visst dette blir vanlegare og vanlegare, og den norske fyllekulturen kjem til parken, då kan det bli eit problem.

 

øl

 

Ja. Noreg er kjent for sin fyllekultur. Ja, vi drikk altfor mykje. Ja, vi har mykje å lære av andre kulturar når det gjeld å nyte alkohol i ein heilt anna dimensjon enn vi gjer.

 

 

Men kvifor ikkje sjå på “alkohol-i-parken-situasjonar” som éin måte å avvenne oss frå “norsk fyllekultur“. Eg er sikker på at klimaet her til lands gjer sitt til at vi nettopp får denne “ukulturen”. Det er jo ein grunn for at det er eit skille mellom Nord- Europa og Sør-Europa..

Eg har i alle fall ikkje fått med meg uhemme fyll i parkane. Derimot ser eg eingongsgrillar, bikini, teite jenter med caps, ferieglade studentar, utanlanske menn som prøver å selge Coca Cola frå ei plastikkeske med masse brus i….

- ja, eh.. så ser eg jo også fin alkoholkultur. Nokre øl kvar og god stemning.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Noregs vakraste juni 14, 2010

Lagret under: tanker — pavi @ 22:10
Stikkord:, , ,

Frm

 

Ingen tvil om kor eg vil dra i sommar! Herlege Sogn og Fjordane!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Å bli dratt opp av stolen, mot himmelen. juli 10, 2009

Lagret under: ja-takk — pavi @ 19:31
Stikkord:, , , , , , ,

Du er sliten. Kjempesliten. Det verkar i ryggen. Augelukka er tunge. Du er trøytt – i heile kroppen. Du kjenner ikkje kor varmt det eigentleg er. Ikkje før det blir kommentert av andre. Pokker, ja. Det er jo sommar!

 

Du vil lese bok, men orkar ikkje. Hovudet er fullt av tusen ting du må gjere. Ting som krev litt, som ikkje er unnagjort med ein gong. Du orkar ikkje tenkje på det. Ikkje no. Borte. Vekk.

 

 

Så kjem du til å tenkje på sist helg.

Ferie, knallsol, strand, bytur i sola med softis på utekafe. Du ser to eldre damer som set seg ned på bordet foran deg. Begge har vesker. Vil halde av plassen, men er samstundes redde for at nokon vil stele. Du smilar og seier at du godt kan passe på. Damene blir først overraska. Så smilar dei. Og dei takkar som eldre damer gjer. På deira sjarmerande vis. Så gamaldags og høfleg.

Damene går inn for å kjøpe seg noko. Du kjenner varmen steike. Du rettar på skjørtet og kikar på mobilen for å finne ut kva klokka er. Turistane går som maur mellom borda. Ein i bar overkropp saman med dama. Ein eldre mann med stråhatt. Du tenkjer på kor godt du har det og er glad for at klokka berre er sein lunsj. Du lenar deg bakover og lukkar auga bak solbrillene. Ho kjem med softisen. Med sjokolade.

 

Du vandrar i butikkar du ikkje har vore innom før. Sjølv ikkje etter tre år. Fargar, sko, klede. Du fell pladask for ein tights med mange ruter på, men når du står på prøverommet og kjenner svetten rene overalt innser du at den ikkje var like kul likevel.

 

Du kjøpar ein brus på ein roleg kafè. Ho kjøpar ein kaffe. Endå meir fargar. Dåke tek nokre bilete og er glade for at dåke fann ein sitjeplass med skugge.

 

Dei kvite tøyskoa dreg deg gjennom gatene, du høyrer hoiing frå ein kamp, tyskera, amerikanera. Du ser jordbærbodar, gassballongar og øl. Glade folk. Sommar. Du luktar sjø og du får lyst å segle på sjøen i båt.

 

På veg heimover går dåke gjennom parken og høyrer plutseleg musikk. Ei nydeleg stemme. Gitar. Dåke går vidare. Den unge artisten står der og syng. Veit du kven det er? Du set deg og tenkjer at det er fantastisk. Du gløymer varmen, at du er sliten i beina og at du var på veg heimover. På borda ved sidan av deg sit nokre andre som høyrer på.

 

Der sit du. På stolen og puta. Du lukkar augene og høyrer på den enorme stemma. Du får gåsehud av den eine songen og du lovar deg at han her.. han her skal eg få tak i musikken til.

 

 

Så sit du der. I den blå stolen. Heime. Du er sliten. Orkar ikkje bråkemusikk.

Du slår på den finaste songen. Songen du fekk gåsehud av for nokre dagar sidan. Med eitt gløymer du ryggen og dei slitne augene. Fantastisk. Kjempefin utekonsert.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

pavi ventar på å kunne springe (?) gatelangs på varme sumardagar mars 4, 2009

Lagret under: ja-takk — pavi @ 21:38
Stikkord:,

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00