pavi sine vassdropar

Noko attåt.

Joggebukse frå polen, 7 bilete, sure skrikerunger og blåbærmunn desember 16, 2009

Lagret under: ja-takk, tanker — pavi @ 20:57
Stikkord:, , , , , , , , , , ,

Nattetid litt seinare enn vanleg. Sove lenge, vri seg i stor seng med godt sengetøy du skulle ynskje du hadde på hybelrommet. Under dyna har du to pledd fordi det er kaldt på rommet. Du skjøner ikkje at ho kan sove her med ope takvindauge. Senga er høg og du må nesten klatre opp for å legge deg. Prinsesse?

Du klager over dei dårlege putene kvar gong du ligg der, men du gjer ingenting med det. Du vil aller helst bli overraska over nye puter ein gong du legg deg for å sove. Men det har ikkje skjedd endå. Sjølv om du har sagt til mamma at du vil ha gode puter.

 

Du vaknar. Uten lyd frå mobilen. Eller, nei. Du vaknar av ei melding rundt kl. 11. Du vurdera å sove litt til. Hodet er under puta, det gode lakenet mot kinnet, pleddet er berre såvidt å kjenne rundt beina, dyna er varm, og du ser for deg korleis du ser ut på håret. Foran deg ligg det eit hårstrikk, to flisklemme og ei større klemme som har forlatt deg i løpet av natta. Ettersom du ikkje ser masse hår på lakenet koplar du fort at du ikkje har rive deg i håret søvne som du så ofte gjer.

Du har vridd deg om. Du ligg på ryggen og du ser opp, ut gjennom takvindauget. Rim på ruta og blå himmel.

 

 

Ei svart stor joggebukse frå Polen er på plass, nokre kvite helgesokkar og ein petroleumsgrøn singlet har også funne sin parkeringsplass. Dei tre forfalne klemmene er på plass igjen og du går nedover trappa. Trappa knirkar. Så kjenner du lukta. Pepperkake.

Pepperkakehuset som du kvelden før lagde eit horehus av. Eit horehus med sure skrikerungar og ikkje vanlege seigmen. Og nonstop sjølvsagt. På taket ligg det to par skrikerunger og klinar. To av dei ligg oppå kvarandre og har seg. Nokre andre klinar i garden rundt huset, og i vindauga står det to og kikar seg om etter ein hunk.

 

Eg vurderte å hente eit forklede, men eg tenkte “eg søler jo aldri.”. Men det var før alt mjølet kom på den polske kosebuksa og den lange singleten. Eg gir faen, bakar vidare, og nokre timar etter er det 46 rundstykker foran meg.

 

 

Inboxen er for lengst full og endeleg slettar eg 1237 meldingar. Medan eg ventar på at dei skal bli ferdig sletta sånn at eg kan lese meldinga eg veit kven er frå, går eg ut i gangen. Eg finn fram nokre skitne joggesko og hiver på meg ei ulltrøye. Eg vrir om låsen på verandadøra og stoppar opp på utsida av huset.

Eg står utafor meg sjølv. Eg ser det feite håret mitt, sminka under auga, med morratryne sjølv etter 3 timar i vake. Ulekkert.

Eg går framover før eg bøyar meg ned. Det fine sollyset, rimen på bakken, skogen, dei lange trea, mosen. Eg tek 7 bilete før eg går innatt og tek ut dei siste rundstykka.

 

 

 

Kva har han tenkt på? Heavy mykje mat. Vi er jo berre tre stk. Det er mat for seks. Jovisst skal vi ete utav frysaren, men .. Eg steikjer og plutseleg er det røykos på kjøkenet. Eg let att dørene og let opp vindauget. 6,4 minus ute. Røyken ut, kulda inn. pavi et for to før ho sleng seg i den turkise stolen og finn fram Kjærlighet i koleraens tid, boka tehol anbefalte ein gong for lenge sidan.

 

Litt seinare får eg med meg reklamen av Ali Reza and the Rezas på tv2, noko som resultera i at eg snakkar norsk-pakistansk når eg svarer mamma og når eg spør om pappa vil ha dessert. pavi liker å late som ho er innflytta pakistaner.

 

 

Eg har fått kommentar på ansiktet mitt. Eg ryggar bakover utan å forandre ei mine. Eg skal sjå meg i spegelen. Framfor meg står det ei jente med blå lepper. Blåbær til dessert.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

TV-Bøndene har gjort et dårlig valg november 27, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 17:16
Stikkord:, , , , ,

 

Hva angår frierne (damer og menn!) er én ting .. Jeg er ikke helt oppdatert på “hvem jeg liker” foruten at jeg under en av de siste episodene sa “kan ikkje alle tre mannfolka berre flytta saman?!” (jeg liker både homo-bonden og begge frierne!)

 

.. men hva angår skjortevalg er jeg sikker på. Blått er fint, men fire blå skjorter er ulekkert – i alle fall når to av fire skjorter er like!

 

Hvor er Jan Thomas?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00