pavi sine vassdropar

Noko attåt.

x-faktordeltakarane sett med eit kritisk pepperkakeauge desember 3, 2010

Lagret under: tanker — pavi @ 21:00
Stikkord:, , , , , , ,

Eg gomlar på pepperkaker laga av ekte smør. Det står i alle fall det på pakka. Gimmick, som eg gjekk rett på.

 

x-faktor går på tv og eg forbannar meg over at det ikkje går noko som er betre enn dette no når eg ikkje har noko anna å gjere på.

 

- Hans

hans

Han eg likar å sjå på som ein oppblåst byspurv som har forfjamsa seg bort til uniten med vinden. Mormor ville vel neppe sagt “uniten”, men heller “Amerika. Det heiter Amerika.” Det eg meiner med dette siste er at spurven Hans har ei enormt stor trong til å vri litt country-amerikanske tonar og aksongar inn i kvar einaste låt. Eg er lei det allereie. Ja, alle artistar (og forsåvidt sikkert også fuglar som spurvar) har sine kjennetrekk, men koman. Dette er keisamt.

 

 

- Annsofi

annsofi

Ho vi alle i starten trudde hadde eit anna nanm. At Annsofi var eit kallenamn, eller i det minste ei forkorting av hennar ekte namn. Ho ja. Hes stemme har no, men minst like viktig er det eg i kveld plutseleg såg. Ho likar på spøkelser Casper. Du veit, det lille spøkelset med et veldig runde hovudet. Han frå barne-tv. Han. Og ho. Særs like!

casper

 

 

- Atle

 atle

Karen med øyredobbar, tattoos og smykker. Han får meg berre til å tenkje på ungdomsbladet TOPP, Popcorn (som eg ein gong kjøpte KUN for å få tak i dei fine boybandplakaten som høyrde med bladet!), tyggisen BUG, og generelt det meste som har å gjere med det tidlege 90-talet.

 

 

- Mo

mo

Den mørke unge guten som har teke media og scena med storm. Kva han liknar på er endå uvisst. Sikkert er det likevel at dei grøne linsene hans fangar tv-skjermen min på den kvite tv-benken som tilhøyrer A-girl.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Ville mine puppar ha medført like mange lesera? februar 8, 2010

Lagret under: nei-takk — pavi @ 13:56
Stikkord:, , , , , , , ,

Eg burde eigentleg ha gjort noko heilt anna. Eg skulle ha vore på skulen frå klokka 9 (og allereie vore ferdig med dagens treningsøkt), men eg stod opp 10:29. Ein halvtime seinare er eg på joggetur i sola. Snøen er nedtråkka sånn at eg ser bar asfalt, eg blir glad over at eg ser antydning til vår, eg forbannar meg over eksoslukta som endar og nærmast forblir i halsen, eg kjenner null dårleg samvit fordi eg sov lenge, og frukost klokka littovertolv med “I Gode og Onde Dager” er faktisk okei.

 

Godt over ein time er gått på fjas; sjekke mail, ein mail til, ein mail tildelt frå skulen (ein mail som blir full av “skule-spam”= SU, parlament, invitasjoner til ulike val og forelesning eg overhodet ikke er interessert i, and so it goes..), eg endar opp med å bruke altfor lang tid på facebook som eg i utgongspunktet var imot, og jammen må eg få sendt nokre sms’ar i tillegg til å skrive handleliste (eg handlar jo alltid det same kvar gong, så kvifor orkar eg skrive det opp på ein lapp?).. så får eg plutseleg for meg at eg MÅ skrolle gjennom dagbladet.no.

 

 

“Frykter bilbeltesvikt bak dødsulykker”

 

Eigentleg les eg ikkje overskrifta. Eg les den i alle fall ikkje ferdig. For eg endar opp med å sjå på biletet som er plassert over..

bilbelte

 

Eg klikkar fort på biletet og er spent på kva eg får servert i artikkelen.

 

Svakt. Pinglete.

Dagbladet klæsher opp eit stort bilete av ein liten gut og det eg antek er mora. Nedafor har dei skrive ned 24 små linjer med noko eg aldri endar opp med å lese. Eg klikkar meg attende til hovudsida og skrollar vidare.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Sei i frå når det er over oktober 24, 2009

Lagret under: nei-takk — pavi @ 01:54
Stikkord:, , , ,

Etter å ha plyndra dagens nettaviser har eg bestemt meg for at det er nok. Ein ting er å høyre om det på radioen. Men når det kjem til bilete er det over og ut for min del.

 

Eg klarer ikkje fleire store bilete av legefrakk, bar overarm og sprøyte. På nokre minutt kan eg bla meg raskt forbi 5-10 bilete.

 

Det stikk i armen kvar gong eg ser det. Armen min strammar seg, eg blir kvalm. Og når eg har mat i magen blir eg uggen.

 

 

Over og ut. Null nettaviser.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Blind? mai 17, 2009

Lagret under: midt-i-mellom — pavi @ 14:05
Stikkord:, , , ,

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Arbeidsløs, overblid homo – men likevel på tide! mai 15, 2009

Lagret under: midt-i-mellom — pavi @ 14:49
Stikkord:, , , , , , , ,

Mandag denne uken ble det kjent at TVNorge legger ned Oslo-TV, nyhetssendingene, sporten og været. Kanalen slet med dårlige seertall, og sier til dagbladet at nordmenn lenger ikke har behov for oppdateringen de tilbydde. “I den konkurransesituasjonen som har kommet med digitaliseringen og med nettet, er du og jeg oppdaterte på dagens nyhetsbilde gjennom hele dagen.”

 

Men TVNorge sliter tydeligvis med seertallene når det kommer til andre programmer også. I dag melder kanalen at Mess-TV legges ned i august.

 

-”Bidro ikke til å styrke TVNorges profil

Det kunne pavi sagt for lengst!

 

pavi tåler ikke Mess-TV. Det eneste bra er faktisk navnet. Jammen sa jeg søppel!

 

Men Johannes Brun (bildet) fascinerer pavi. Til alle dere som ikke tåler overblide homoer; vent til dere ser Johannes i et annet program (les: ikke-søppel-tv), så skal dere se at han er sjarmerende!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

Alle snakkar om Røkke, men eg vil vite kven mannen i den lyse skjorta er! april 10, 2009

Lagret under: ja-takk — pavi @ 02:00
Stikkord:,

Eg er kjempelei saka. Radioen snakkar om Røkke kvar halvtime, avisene skriv om det kvar dag, nokon vil ha Brustad vekk om Røkke-saka faktisk ikkje burde ha vore ei Røkke-sak (riktig?!), og kor mange gongar har vi ikkje sett bilete/videoklipp frå då Røkke, saman med Kose-Jensemann og andre dresskledde menn går gjennom det eine kvite lokalet med pressefolket på slep?

 

Eg er lei. Nyhender av dette kaliberet interessar meg ikkje. Eg har i grunnen ikkje peiling på kva saka gjeld.. Men eg er lei.

 

Likevel fekk dagbladet meg interessert. Eg stoppa opp ved eit bilete frå “passasjen gjennom det kvite rommet med pressefolket på slep” på dagbladets nettstad:

 

 

Eg berre spør: Kven er han kjekke mannen som står mellom Jensemann og Røkkemann?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

 

 

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00